Siste innlagte kulturminne

Husfest

Husfest er eit nedlagt småbruk, lokalisert på Ertvågøya. Det er fem trebygningar på staden. Bruket har alltid vore utan veg, det har vore mest vanleg å ta seg fram dit med båt. Det er særs dårleg hamn i Husfest. Til å byrja med var Husfest ein del av garden Ånes. Ein John Husfest busette seg på bruket i 1640. Sidan har det vore busetjing her fram til 1990-talet. Ane Husfest (f. 1911) var den siste som budde på Husfest. Ho måtte til slutt flytta inn til Aure sentrum pga. sjukdom, og døydde på Aure aldersheim.
Les meir

Aure folkebibliotek, avd. Gullstein

Biblioteket er i dag (2012) lokalisert ved Tustna sjukeheim, og fungerar også som kommunalt servicekontor tre dagar i veka. Før samanslåinga av Aure og Tustna kommunar var namnet Tustna folkebibliotek. På biblioteket har ein tilgong til: Bøker, lydbøker, språkkurs, video/DVD, musikk, tidsskrift, aviser, lese/studieplass, PC med internett samt kommunale sakspapir og anna offentleg informasjon. I starten var biblioteket plassert i privathuset til den dåverande biblioteksjefen, Mikael Tiseth. På 70-talet vart det flytta til kommunehuset på G...
Les meir

Araboltan

Araboltan (andre namneformer er Hareboltane og Havboltane) er ei samling skjer som ligg ved Golma, lengst vest i Aure kommune. Skjera fungerar som avgrensing av ureint farvatn og trygg lei (mellom leia sørom Langholmen i nord, og leia sørom Møyslåtten mot Linvågen i sør).
Les meir

Langholmen

Langholmen er ei langstrekt samling av holmar, som fungerte som fiskevær frå ca. 1751 til 1970-åra. Det har også vore dreve landbruk der. Holmane er lokaliserte i den nordlege skjærgarden utanfor Golmøya, lengst vest i Aure kommune. På Langholmen finn vi ei grunnfjellflate som har namnet Kuliberga. Denne flata er godt eigna som fiskeberg til å tørka kleppfisk på. Kanskje kjem namnet Kuliberga frå det samiske "guelie" (fisk), altså rett og slett "Fiskberga". Det som finst av buskar og tre på Langholmen, er for det meste rogn og eine. Einsk...
Les meir