Siste innlagte kulturminne

Bauta over Ola L. Bergfall

Bautastein reist til minne om Ola L. Bergfall (f. 1896) frå Bergfall i Mjosundet, som omkom i ei trafikkulukke i 1928, 32 år gamal. Steinen er lokalisert på Aure kyrkjegard, ned mot sjøen. Bergfall var medlem av Aure fråhaldslag, som truleg vart stifta i 1880-åra. Dette var eit lokallag av organisasjonen Det Norske Totalavholdsselskap, DNT, og det var laget som fekk steinen reist (truleg i 30-åra). Steinen er prega av ein del mosegroing, og det er difor ikkje heilt lett å sjå kva som står på han. Men Nordmøre og Romsdal distrikt av DNT v...
Les mer

Det gamle skulehuset i Aure sentrum

Bygget fungerte som skule fram til 1960-talet, og var lokalisert der AK-senteret står i dag. Etter dette var bygget ei tid bruka som kontor for trygde- og likningsetaten I samband med bygginga av AK-senteret i 1988 vart det gamle skulehuset rive.
Les mer

Gravstøtte over Ivar Mogstad

Kulturminnet er ei gravstøtte i stein, forma som ein bauta. Ho står på grava til Ivar O. Irgens Mogstad på Aure kyrkjegard, like ved kyrkja.
Les mer

Stabbur ved Vinsternes

Bygget er lokalisert ved Nothaugen fiskecamping på Vinsternes i Foldfjorden, og blir utleigd til gjestar ved campingen. Stabburet høyrde mogelgvis til ein husmannsplass frå starten av.
Les mer