Minnefinnekurs - Hareid ungdumsskole

På youtube ligg det nå ein video fra minnefinnekurs og kulturminneatlas. Denne finn du her: http://youtu.be/v7n0YsIBbOw .
.

Kursing av lokalbiblioteka

I løpet av vinteren har alle lokalbiblioteka i fylket fått tilbod om kursing i Kulturminneatlas. Det er arrangert to kurs, i Ørsta og i Molde. Føremålet er å gjere bibliotekarane i stand til å rettleie brukarar, og at biblioteka i fylket kan fungere som lokale møteplassar for registrering av kulturminne og kulturmiljø. Les meir om kurset i Ørsta ved å følge denne lenka: http://www.mr.fylkesbibl.no/?ItemID=3075 .
.

Tilskot til registrering i atlas

Ørsta kommune har fått kr. 100 000,- frå Riksantikvaren til registrering i Kulturminneatlas. Midlane vil bli benytta som eit grunnlag for temakart om kulturminne i ny kommunedelplan, og for framtidig arbeid med eiga kulturminneplan som er ei målsetting for kommunen på sikt. .
Riksantikvaren sendte 1.juni i år ut invitasjon til søknad om tilskotsmidlar til registrering av lokale kulturminne, og Ørsta var tidleg ute å søke. Saman med eigne midlar vil kommunen tilsette ein prosjektleiar som vil koordinere arbeidet med innlegging. Prosjektet er for øvrig eit samarbeid mellom kommunen, fylkeskommune, Ørsta ungdomsskule og lokale historielag. Møre og Romsdal fylkeskommune vil også oppfordre andre kommunar til å gjennomføre liknande prosjekt. Søknad om midlar vil bli handsama fortløpande (jf vedlagte skriv)..

Kulturminneatlas i skulen

Skulane i Møre og Romsdal kan no bestille eit prosjekt om kulturminner og kulturarv i eige nærmiljø. Målet er at elevane skal kunne identifisere lokale kulturminner og deira betyding, og samtidig bidra til å vidareformidle denne kunnskapen. Kulturminner er alle spor etter menneskeleg liv og virke i vårt fysiske miljø, som til dømes ståande bygningar og byggverk, faste merke i landskapet og lause gjenstandsfunn, så vel som immaterielle segn og tradisjonar. .
Prosjektet er delt inn i ein teoretisk og ein praktisk del. Teoridelen består av ein generell introduksjon til kulturminner og lokal kulturarv, samt av Kulturminneatlaset. Den praktiske delen inneberer å oppsøke og undersøke eit kulturminne i nærmiljøet og/eller kontakt med lokale informantar. Arbeidet skal munne ut i artiklar som skal leggjast ut på Kulturminneatlas. I tillegg til tekst kan ein også leggje inn bilete, lydklipp og filmsnuttar. Les meir om Minnefinnekurset på Kultursekken.no eller på Kulturvernseksjonen sine heimesider..

Turmål kring kulturminne

Det er ikkje alltid like lett å vite kor ein skal gå for å komme til kulturminne i ulendt terreng, men fleire nettstadar har informasjon om turmål i fylket. Blant anna Møre og Romsdal si eigen turportal, www.morotur.no. Her kan ein finne turar over heile fylket og i tillegg få informasjon om vanskelegheitssgrad på turane. Førebels er det ingen kobling mellom turane og kulturminna. Andre nettstadar med turinformasjon er www.godtur.no og www.ut.no. Godtur er ein satsing frå Statskog, medan ut.no ei ein satsing frå Den Norske Turistforeininga og NRK. .
.

Tilskudd til istandsetting av fredete bygninger

53 millioner kroner er nå fordelt av Riksantikvaren til istandsetting av fredete bygninger over hele landet..
Riksantikvaren har fordelt årets tilskudd mellom alle landets 19 fylkeskommuner, som så skal administrere tilskuddene videre. ─ Vi håper at også fylkeskommunene kan legge inn egne midler. Kulturminnevern er en god investering for framtida, i stedsutvikling og verdiskaping, sier riksantikvar Jørn Holme. Pengene skal først og fremst gå til å sette i stand og vedlikeholde privateide, fredete bygninger. For detaljer om tiltak i de ulike fylkene, ta kontakt med den enkelte fylkeskommune. Se fylkesvis oversikt over tilskudd her: http://www.riksantikvaren.no/Norsk/Aktuelt/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=125760 .

Film om Atlanterhavsvegen-Bud-Kristiansund

Det er laget film om verdiskapingspiloten Atlanterhavsvegen-Bud-Kristiansund (ABK) i forbindelse med at den nasjonale satsingen på kulturminnebasert verdiskaping nå er avsluttet..
Det er Miljøverndepartementet og Riksantikvaren som står bak den nasjonale satsingen på kulturminnebasert verdiskaping. Programmet er nå formelt avsluttet, og i den anledning er det laget små filmsnutter om de 11 pilotprosjektene i verdiskapingsprogrammet. For piloten Atlanterhavsvegen Bud-Kristiansund (ABK) har kystkultur og kystens kulturminner dannet utgangspunkt for den fireårige innsatsen, som i stor grad har vært knyttet opp mot reiseliv og forløsing av potensiale som ligger i alle natur- og kulturminnebaserte attraksjoner på strekningen. Se filmen her: http://www.youtube.com/user/VerdiskapingRA#p/u/10/XbCgvV0cNoA.

Kurs i kulturminneatlas

Hausten 2009 og våren 2010 vart det holde mange kurs for kommunane i fylket, med mange deltakare. Dei fleste kommunar i fylket har fått ressurspersonar som kan bruke og brukar atlaset. Ta kontakt med din kommune om du ynskjer å legge til kulturminne i atlaset. Det er per i dag (12. august) 130 artiklar som er skrevet i atlaset. Neste kurs i kulturminneatlaset blir halde i Halsa kommune den 7. september 2010. Her vil vi halde kurs for ein skuleklasse på dagtid og for dei litt eldre på kveldstid. .
.

Stor skilnad i kommunane.

Surnadal med sine 20 artiklar leder ann kulturminneatlaset. På ein delt andreplass har me Hareid og Aukra med 12 innlagde artiklar kvar. Det er nå lagt inn 95 artiklar i basen, med eit mål om 100 artiklar om kort tid. Møre og Romsdal fylkeskommune ynskjer fleire artiklar og håpar dei kommunane med mindre enn 10 artiklar leggar inn fyrstegiret. Det burde være oppnåelig med 10 artiklar frå kvar kommune. .
Nokre anbefalte artiklar er: Geitbåten skrevet av Ragnhild Godal Tunheim, Kvitholmen fyr skreve av Toril Skram, Gamlebanken på Rise og altertavla i Hareid kyrkje skreve av margreta Liavåg samt Todalshytta skreve av wenche kvendset.

Hvordan forminske bilder?

For å kunne laste inn bilder kan bildet være maks. 3 MB med format *.jpg, helst størrelse på 800 X 600 piksler og ikke over 1024 X 768 piksler. Dette er viktig for ikke å få for store bilder i artikkelen. Bilder som overskrider pikselverdien 1024 X 768 piksler risikerer å bli mye større enn din egen skjerm. For å løse dette foreslår vi at man bruker programmet Microsoft paint for å redigere bildene før man legger dem inn i atlaset. Finn bildefila på din datamaskin, høyreklikk på bildet, gå til "åpne i" og velg "paint". Om bildets grenser her er langt utenfor skjermen går man til "bilde" i verktøylinjen og velger "strekk/forskyv". Her velger man ved "strekk" en prosentandel under både vannrett og loddrett som er mindre enn 100% (gjerne helt ned i 50%, prøv deg frem). Gjør dette til hele bildet kan sees i skjermen. Velg så fil, lagre som. Under Filtype velger du format JPEG (*.JPG,*JPEG,*JPE,*JFIF). Bildet blir nå lagra som en *.JPG fil som forhåpentligvis også er under 3 mb i størrelse. .
.