Norangsdalen
Fylke: Møre og Romsdal Kommune: Ørsta
Norangsdalen
Norangsdalen
Fakta og teknisk beskriving
Norangsdalen strekkjer seg frå Øye i Ørsta kommune og går over i Nibbedalen mot Tryggestad og Hellesylt i Stranda kommune. Høgste punktet i dalen ligg på om lag 300 moh. Fjella ikring går opp til nær 1700 meter. Mest kjende er Slogen (1564 moh.), Smørskredtinden (1631 moh.) og Kvitegga (1693 moh.).

Dalen har eit rikt biologisk mangfald som er eit resultat av samspelet mellom naturgitte tilhøve og beiting av husdyr. Dalen er difor både eit mektig naturlandskap og eit vakkert kulturlandskap.
Andre opplysningar
Norangsdalen har frå gamal tid vore bindeledd mellom indre Sunnmøre og Nordfjord. Det har vore fleire vegar, men den som er i bruk i dag er frå 1890-talet. Den gongen hadde turismen innover dalen så vidt kome i gang, og ein måtte utbetre vegen i høve denne trafikken. I 1908 vart delar av vegen teken av Storesvora og lagt under vatn i Lygnstøylvatnet. Vegen er i dag ein turistattraksjon.

Langs vegen ligg fleire eldre bruer, som Nebbedølbrua, steinhellebruene ved Haugen og Litlevatnet, Geilskredbrua, Lysholbrua, Skylstadbrua og Svidebrua.

Kring år 1900 vart Norangsdalen ein turistattraksjon. Turistskipa la til på Øye, og turistane vart frakta med hesteskyss gjennom Norangsdalen til Hellesylt, der skipa venta. Turismen ga grunnlag for hotelldrift, mellom anna på Øye, Fivelstad og Hellesylt. Hotella var som regel trehus i sveitserstil, utsmykka med overdådig ornamentikk og er i dag populære kulturminne. Sidan slutten av 1800-talet har Norangsdalen og fjella ikring vore viktige mål for fjellturisme og tindesport.

Norangsdalen har i lang tid vorte nytta som sommarbeite og til seterdrift. Det er fleire gamle setrar i dalen, mellom anna Urasetra på sletta nedanfor rasteplassen, og Stavbergsetra litt lenger sør. Setrane er plassert inn til store steinar for å ligge mest mogleg i livd for snøskred og fonnvind. I Lygnstøylvatnet ligg restane etter setrane til gardane Norang og Skylstad. Seterdrifta var viktig for å få nok fôr til husdyra, og for mjølkeproduksjonen til garden. Opphavleg budde budeiene på setra heile sommaren, men etter at nyevegen kom, vart det mjølkesetrar. Då kom budeiene opp ein gong for dagen for å mjølke. Setringa var på sitt mest intensive på 1800-talet. Frå 1920-åra gjekk seterdrifta tilbake, og frå 1950 var det for det meste heilt slutt. I dag beitar storfe og småfe i dalen.

Kartutsnitt
kartutsnitt
Lag ny PDF Skriv ut
Bilder/multimedia
Stavbergsetra
Stavbergsetra
Geilskredbrua
Lygnstøylvatnet
Lygnstøylvatnet
Setra til gardane Nordang og Skylstad før raset.
Brukerinfo
Forfatter: Harald Krøvel
Publisert: 05.07.2013
Opprettet: 05.07.2013
Linker:
Norangsdalen
Spesifikasjon
Gardsnavn Ikkje oppgjeve GNR Ikkje oppgjeve
Bruksnavn Ikkje oppgjeve BNR Ikkje oppgjeve
Kulturminnetype Kulturmiljø Datering Uspesifisert
KulturminneID 15200130 Synleg i terreng Godt synleg
Opphaveleg funksjon
Funksjon uspesifisert
Noverande funksjon
Funksjon uspesifisert
Tillating av eigar
Eigars tillating til registrering er ikkje innhenta


Andre registreringer / dokumentasjon / kjelder
Ikkje oppgjeve

Dateringskjelder
Uspesifisert

Planstatus
Ikkje oppgjeve
Kommentarar
Kommenter artikkelen her
Kommentar
Namn
Epost
Vis namn
Publiser kommentaren
Kommentarar