Bjønnastøtta i Haugaskaret
Fylke: Møre og Romsdal Kommune: Halsa
Bjønnastøtta i Haugaskaret
Bjønnastøtta i Haugaskaret
Fakta og teknisk beskriving
Historia om "Mannbjønnen" knytta til minnesmerket Bjønnastøtta er omtala som "det mest dramatiske møtet mellom folk og rovdyr ein kjenner til". Det finnst ingen vitskaplege dokument som fortel om den gongen han Tølløv skaut "Mannbjønnen". Men til gjengjeld har den folkelege forteljarkunsten vore frodig.

Vi finn mange variantar av denne jakthistoria, og det er tydeleg at "Mannbjønnen" og han skyttar-Tølløv har vore godt stoff å underhalda seg med og dikta vidare på i dei lange kveldssitjene opp gjennom åra. Her er alle ingrediensar til ein retteleg "thriller": ein farleg skurk med mange mord på samvetet, ein modig helt som er sikker på avtrekkjaren, og ikkje minst: ein porsjon mystikk og trolldom. Enno i dag - to hundre år etterpå - kan folk kvar på sitt vis gjera greie for hendinga. Sjølsagt er ikkje alt like påliteleg, og det er vanskeleg å skilja mellom sant og dikt. Men det skal seiast, at om mykje av det skulle vera løgn, så er det i alle fall godt loge!

Heilt sikkert er det at landets beste bjørneskyttar gjennom alle tider var å finna her på traktene. Navnet var Tølløv Person Foldal. Som namnet seier, var han fødd inne i Folldalen, på ein gard som no vissnok er neddemt i Gråsjøen. Han flytta tidleg derifrå, gifta seg med ei frå Rindalen og skal ha budd både på Vålåsgarden og på Tjønnholten i Romundstadbygda. Det heiter også at Kårøy-skyttaren, ein annan stor bjørnejeger, var sønn til Tølløv. Elles budde vel ikkje Tølløv stort i Rindalen, han var for det meste ute på jakt, ser det ut til. Han er i bøkene titulert som "autorisert" eller "ordineret" bjørnejeger, og vi har temmeleg sikre bevis for at han skaut minst 110 bjørnar (ja, somme nemner 160) forutan ulv, elg og anna vilt!

Det er eit uttal jakthistorier om skyttar-Tølløv. Men det han er mest kjent for, må likevel vera det at han skaut "Mannbjønnen". Difor er han også den einaste norske jeger som har fått ein bautastein til minne om seg - Bjønnastøtta i Haugaskaret.
Andre opplysningar
Mannedreparen ute i fjordane må ha vore ei utfordring for Tølløv. Han høyrde nok rykta om korleis bjørnen for åt - men det er også naturleg å tru at det vart sendt bød på han. På denne tida var han noko tilårskomen - han var midt i 60 åra - men sikkert sprek og fyraug enno. Og sjølvsagt meir durkdreven enn nokon gong.

Det skal ha skjedd sommaren 1776. Korleis bar det til?

Frå heimbygda hans Tølløv har vi denne versjonen: Han Tølløv og ein dei kalla Lars Jara frå Eidet kom utover og slo seg til i Englia om natta. Neste morgon drog dei oppover mot HJelmen. Best det var, fekk dei sjå nokre svarte fuglar opp i lufta. Da sa han Tølløv at han lars måtte vera vak, for dette var korpen som følgde bjørnen for å eta levningar viss det vart "slakting". Og rett nok - der fekk dei augo på bjørnen som låg oppe på ein stein og sov.

Ein Valsøyfjord-variant går ut på at det var han Ola Engli som var med Tølløv på denne jakta.
Jon Snekvik fortel etter gamle Gunnhild Myrholt (1845-1933) at det var i Hjelmskaret dei fann han, på den Hjelmsida som snur mot Sørlisetra. Det kallast for Benkjin oppi der.

I Settemsdalen heiter det (vesentleg etter Marta Elise Settemsdal 1886-1979) at han Tølløv stasjonerte i Oppigarden, og at det kom mykje folk til gards da dette vart kjent. Tølløv og kameraten hans låg på låven om natta, og i halv fire-tida om morgonen la dei ut på jakt. Oppe i Tunderen fann dei spora etter bjørnen. Han var komen frå Hendadalen, der han hadde drepe ei jente. (Hvis dette stemmer, så må Mannbjørnen ha vorte skoten i 1775 - jfr kyrkjeboka for Aure, - og da kunne det ikkje vera same bjørnen som drap jenta på Kallset og guten i Åkvika året etter. Her har vi nok ei samanblanding).

Karene rekte bjørnefara i dogga, heiter det. Det bar nordom Hjelmen, opp i Mørkdalen mellom Raudfjellet og Hjelmkona. Der - på ein av dei mange flate steinane du finn der låg bamsen og sov i morgonsola. Dei kjente han på den særprega, grå pelsen.

Først gjekk Tølløv i ein ring - ein trollring - rundt bjørnen. Så tok han ein sølvknapp han hadde med frå skjorta eller brystduken sin og la han framom blykula i børseløpet. No var det ei gammal, uskriva lov som sa at ingen skulle ta liv medan det sov. Og om det skulle vera freistande i dette tilfellet, så var ikkje Tølløv feig i så måte. Han ropa så get gjøa mellom fjella: - "Høyr gut, no må du vakn opp, så ska du få morgosdrammen din!" Og litt etterpå: - "Ja, e no du ferdig no så e no eg ferdig!". Jau, det kan hende at bamsen vaknar! Med eit forferdeleg gaul set han nedover mot karane. No er avtalen at kameraten hans Tølløv skal skyta først. Det smell, men han må ha skove på handa, for det blir berre eit skamskot. Og bjørnen - frå seg av pine og raseri - styrtar beint på dei to. Men da er det trolldomskreftene grip inn, fortel segna. Ved trollringen kjem ikkje bamsen lenger, han blir ståande på bakbeina med kjeften vidopen og illskrika. Slikt stygt mål har aldri han Skyttar-Tølløv høyrt i sitt liv. No eller aldri! Meisterskyttaren løfter flintlåsbørsa med sølvladninga. Iskaldt siktar han mot hjertet på manndreparen. Og for DET skotet lyt "Mannbjønnen" gi tapt.

Les meir om Skyttar-Tølløv i "Kring ein fjord - frå gamle dagar på indre nordmøre" av Bernt Bøe.
Kartutsnitt
kartutsnitt
Lag ny PDF Skriv ut
Brukerinfo
Forfatter: Ragnhild Godal Tunheim
Publisert: 07.09.2010
Opprettet: 07.09.2010
Spesifikasjon
Gardsnavn GNR 26
Bruksnavn BNR 4
Kulturminnetype Minnesmerke Datering 1776
KulturminneID 15710018 Synleg i terreng Godt synleg
Opphaveleg funksjon
Hending/tru/tradisjon
Jakt/fangst
Noverande funksjon
Hending/tru/tradisjon
Tillating av eigar
Eigars tillating til registrering er innhenta


Andre registreringer / dokumentasjon / kjelder
Alle opplysninger er hentet fra "Kring ein fjord - frå gamle dagar på indre nordmøre" av Bernt Bøe

Dateringskjelder
"Kring ein fjord - frå gamle dagar på indre nordmøre" av Bernt Bøe

Planstatus
Ikkje oppgjeve
Kommentarar
Kommenter artikkelen her
Kommentar
Namn
Epost
Vis namn
Publiser kommentaren
Kommentarar