Minnestein, krigen 1807-1814
Fylke: Møre og Romsdal Kommune: Ørsta
Minnestein, Ørsta kyrkje
Minnestein, Ørsta kyrkje
Fakta og teknisk beskriving
Steinen vart reist i 1914 til minne om dei frå Ørsta som vart utkommanderte i samband med konfliktane mellom Danmark-Noreg og Sverige i åra 1807-14. Det var diktarpresten Anders Hovden som avduka minnesmerket 4. desember 1914. Sjølve steinen var henta på Steinnes. Den slanke bautasteinen har innskrift på begge breisidene.
Andre opplysningar
Innskrift på steinen:

a) på sida som er vendt mot Ørstavik: "Ørstafolket sette denne steinen 1914".
b) på sida som er vendt mot kyrkja: "Minne um ørstingar i ufreden 1807 - 1814".

Tekst på metallplate (under føregåande innskrift b):

Desse stridde ved Berby 12te September 1808.

Desse døydde av saar og vondeliding:
Knut I. Mork - Jon R. Fagerhol - Ola K. Sandvik - Martin T. Ose - Lars Opsal

Desse døydde ved Kongsvinger:
Knut K. Brekke - Martin A. Lystad - Paul A. Lystad

Desse døydde i Bergen:
Ola A. Lianes - Anders O. Opsal - Jon O. Øy

Desse kom att:
Anders V. Lystad - Anders F. Hagen - Arne P. Sætre - Paul O. Velle - Erik O. Øye - Arne T. Brunegote - Arne O. Øy - Ola O. Øy - Elling S. Aam - Knut K. Hovdenak - Jon A. Bjørdal - Hans J. Hamar - Ola S. Vik - Peder P. Sportstøl - Jon J. Brautaset - Arne I. Folstad - Jon J. Liadal - Mass O. Digernes - Martin S. Vinjevoll - Lars K. Sandvik - Ola J. Brautaset - Jon F. Hagen - Ola V. Lystad - Lars S. Digernes - Peder J. Vatne - Jon T. Brunegote - Hans H. Fyldal - Knut O. Øy - Samund J. Bjørdal - Martin E. Engeset - Elling K. Brautaset - Peder J. Rebbestad - Mass H. Fyldal - Gulik G. Ytrehovde - Ola I. Mork - Sjur J. Haugen - Jens Engeset - Lars J. Hovde - Ola F. Indrehovde - Lars Brautaset - Lars S. Vik - Peder N. Brudevoll

Underoffiserar: Ivar J. Folstad - Jon I. Folstad - Anders N. Brekke - Paul N. Brekke - Anders J. Velle

Tamburar: Peder A. Moe - Elias H. Velle

Berby ligg heilt sør i Østfold, ikkje langt frå svenskegrensa, i det som i dag er Halden kommune (tidlegare Idd kommune). Hovuddelen av minnematerialet frå ørstingar og voldingar som deltok i krigen med Sverige 1808-09, er knytt til slaget på denne staden. Som overskrift er øvste linja på metallplata likevel noko misvisande. Alle som er nemnde i innskrifta deltok ikkje i kampane ved Berby. Somme vart utkommandert seinare.

Den dansk-norske kongen Fredrik 6. erklærte Sverige krig 14. mars 1808, men ein våpenstillstand vart gjort gjeldande frå 7. desember same året. Denne våpenstillstanden varte til freden i Jönköping 10. desember 1809. Konfliktane mellom Danmark-Noreg og Sverige i denne perioden var eit resultat av at dei to statane vart ståande på motsett side i Napoleonskrigane.

Etter 2. verdskrig vart det sett opp ei ny plate med opplysningar om sju ørstingar som miste livet krigsåra 1940-45. Denne plata er plassert under den omtalte minneplata frå åra 1807-1814.

Minnesteinen vert kransa kvar 17. mai. Det vert også halde ein kort tale for dagen, i tillegg til at det er song og musikk ved markeringa.
Kartutsnitt
kartutsnitt
Lag ny PDF Skriv ut
Bilder/multimedia
Minnestein, Ørsta kyrkje
Minnstein, Ørsta kyrkje
Brukerinfo
Forfatter: Harald Krøvel
Publisert: 07.06.2012
Opprettet: 07.06.2012
Linker:
NRK - Østfold
Spesifikasjon
Gardsnavn Velle GNR 15
Bruksnavn BNR
Kulturminnetype Krigsminne Datering 1914
KulturminneID 15200081 Synleg i terreng Godt synleg
Opphaveleg funksjon
Funksjon uspesifisert
Noverande funksjon
Funksjon uspesifisert
Tillating av eigar
Eigars tillating til registrering er ikkje innhenta


Andre registreringer / dokumentasjon / kjelder
Ikkje oppgjeve

Dateringskjelder
Innskrifta på minnesteinen.
Ellingsen, Gunnar: Nærings- og kultursoge for Ørsta, ca. 1600-1837. Ørsta 2012.

Planstatus
Ikkje oppgjeve
Kommentarar
Kommenter artikkelen her
Kommentar
Namn
Epost
Vis namn
Publiser kommentaren
Kommentarar