Rydekvida, Bjørke
Fylke: Møre og Romsdal Kommune: Ørsta
Rydekvida, Bjørke
Rydekvida, Bjørke
Fakta og teknisk beskriving
Rydekvida var tidlegare ein samlingsplass for born og ungdom på Bjørke. Rydekvia ligg kring 200 - 250 m sør for tuna på Bjørke. I dag er området delvis oppdyrka, men plassen strekte seg noko lenger aust enn det dyrkamarka gjer i dag. På eit høgdedrag på Holen, kring 100 m i nordleg retning frå Rydekvida, ligg Brisingplassen. Her tende ein bål på jonsokafta. Brisingplassen ligg på ei naturleg forhøgning i terrenget, og frå denne staden har ein vidt utsyn over Bjørke, gardane på andre sida av fjorden og nedste del av Sjåstaddalen. Frå Rydekvia og opp mot Brisingplassen er det tydlege spor etter ein gammal veg, truleg den eldste vegen mellom Bjørke og Skjåstaddalen. Vegen var for kløv / slede, og gjekk over Rindane eller Gjølrabbane på Holen. Han gjekk ned til enden av Saursvatnet og vidare opp gjennom Skjåstaddalen, omtrent der dagens veg går. Også på somme andre stader kan ein observere restane av denne vegen. Frå Rydekvia gjekk det også rås opp til Tyssedalen.
Andre opplysningar
På Rydekvia og Brisingplassen samlast folk frå Bjørke og kringliggjande gardar for å feire jonsoknatta med leik og moro. Frå brisingplassen kunne ein sjå båla på andre gardar i nærleiken, t.d. Finnes på andre sida av fjorden og Raustad i Skjåstaddalen. Også Saure hadde på ei tid eige jonsokbål, men kring 1950 brukte folk på Saure å samle seg på Brisingplassen ved Rydekvia. Det var konkurranse mellom dei ulike gardane om kven som hadde bålet som brann lengst, og i den samanheng hende det at det vart tent opp lurebål for å få dei andre til å setje fyr i sine bål. Denne typen sosiale samlingar vart det slutt på ein gong på 1950-talet.
Kartutsnitt
kartutsnitt
Lag ny PDF Skriv ut
Bilder/multimedia
Rydekvida, Bjørke
Brisingplassen, Bjørke
Brisingplassen, Bjørke
Brisingplassen, Bjørke
Brisingplassen, Bjørke
Brukerinfo
Forfatter: Harald Krøvel
Publisert: 23.02.2013
Opprettet: 22.02.2013
Spesifikasjon
Gardsnavn Bjørke GNR 135
Bruksnavn Oggdalsgarden BNR 6
Kulturminnetype Usynleg kulturminne Datering Uspesifisert
KulturminneID 15200119 Synleg i terreng Ikkje synleg
Opphaveleg funksjon
Fritid/kultur
Noverande funksjon
Ikkje i bruk
Tillating av eigar
Eigars tillating til registrering er ikkje innhenta

Andre eiendommer knyttet til kulturminnet
Gardsnavn Bruksnavn GNR BNR
Bjørke Martegarden 135 4
Bjørke Bertelgarden 135 3

Andre registreringer / dokumentasjon / kjelder
Einar Saure (munnleg kjelde). Synfaring 5. desember 2012.

Dateringskjelder
Einar Saure (munnleg kjelde)

Planstatus
Ikkje oppgjeve
Kommentarar
Kommenter artikkelen her
Kommentar
Namn
Epost
Vis namn
Publiser kommentaren
Kommentarar