Skreddar-Olaplassen, Bjørke
Fylke: Møre og Romsdal Kommune: Ørsta
Fakta og teknisk beskriving
På slutten av 1800-talet låg ein husmannsplass på det området som no er parkeringsplass ved den nedlagde butikken til Vigdis og Per-Johan Bjørke. Staden ligg der vegen over Notabreidsla tek av frå bygdevegen. Det er ikkje bevart noko synlege spor etter denne husmannsplassen, verken i form av bygningsrestar eller spor i terrenget.

Etter at husmannsplassen ikkje lenger var i bruk, vart husmannsstova flytta til Vollegarden, Morka. Her vart stova brukt som smalefjøs.
Andre opplysningar
Det var skreddaren Ole Martinus Pålsson Hustad (1838-1889) som budde her frå ca. 1876 og fram til han døydde i 1889. Han var gift med Berte Berntsdotter Kalvatn (f. 1847). I 1896, sju år etter at Ole Martinus var død, gifte ho seg med ein annan husmann, Rasmus Lillestøl på Hauaplassen, Sjåstad.

Ole Martinus gjekk til dagleg under namnet "Skreddar-Ola". Han sydde klede til mannfolk. I folketeljinga i 1875 er han registrert hos ein anna husmann på Bjørke, Ole Johannes Jonsson Eide på Vikaplassen, berre ca. 200 m frå staden der Skreddar-Ole sjølv skulle slå seg til. I 1878 søkte han heredsstyret om å få tomt på Sæbø, men fekk avslag.

Bror til Skreddar-Ola, Jørgen Pålsson Hustad (1833-1908), budde kring 1870 i ei stove i Brattefjøra, like ved der Skreddar-Ola seinare fekk sett opp husmannsstova si. Jørgen (Grovos-Jørn) vart nokre år etter husmann i Grovosen på Ner-Åkre.

Skreddar-Ola og Berte hadde to søner, Bernt (f. 1874) og Paul Sivert Olaus (f. 1877). Bernt kom truleg bort på sjøen under første verdskrig. Paul Sivert vart kalla Skreddar-Syver. Han drog også til sjøs, men kom attende til Bjørke kring 1931. Alt som minte om heimen var då borte, og han busette seg hos slekt i Volda.
Kartutsnitt
kartutsnitt
Lag ny PDF Skriv ut
Brukerinfo
Forfatter: Harald Krøvel
Publisert: 23.02.2013
Opprettet: 23.02.2013
Spesifikasjon
Gardsnavn Bjørke GNR 135
Bruksnavn BNR 40
Kulturminnetype Usynleg kulturminne Datering 1875-1899
KulturminneID 15200121 Synleg i terreng Ikkje synleg
Opphaveleg funksjon
Bustad, busetjing
Noverande funksjon
Ikkje i bruk
Tillating av eigar
Eigars tillating til registrering er ikkje innhenta


Andre registreringer / dokumentasjon / kjelder
Einar Saure: Upublisert notat om kulturminne på Bjørke og i Sjåstaddalen.
Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka, band IV. Gard og ætt, s. 106

Dateringskjelder
Einar Saure (munnleg kjelde)

Planstatus
Ikkje oppgjeve
Kommentarar
Kommenter artikkelen her
Kommentar
Namn
Epost
Vis namn
Publiser kommentaren
Kommentarar