Husmannsplass, Grovosen på Åkre
Fylke: Møre og Romsdal Kommune: Ørsta
Fakta og teknisk beskriving
På slutten av 1800-talet og eit stykke inn på 1900-talet stod der ei husmannsstove i fjøra nedanfor Jogarden på Åkre. Det rann tidlegare ei grov ut i fjorden på staden, og derav namnet Grovosen. Det finst ikkje fysiske spor etter husmannsplassen i dag, men folk kan framleis hugse tomta der husmannsstova stod. På området ligg i dag parkeringsplassen til Tussa Kraft sitt anlegg ved tunellen.
Andre opplysningar
Det var ekteparet Jørgen Pålsson Hustad (1833-1908) og Pernille Ellingsdtr. Sætre (1839-1928) som slo seg ned i Grovosen kring 1870. Dei hadde budd på litt ulike stader i Hjørundfjorden før dei kom hit, og mykje tyder på at dei heldt til i eit lite hus i Brattefjøra på Bjørke før dei slo seg ned ved Grovosen. Også bror til Grovos-Jørn, Ole Martinus Pålsson Hustad (1838-1889), var husmann her inne ved fjorden. I perioden 1876 - 1889 budde han på Skreddar-Olaplassen i Bjørkefjøra (sjå eigen artikkel).

Grunnen til plassen vart avstått frå Bakke- og Erkegarden på Åkre. Sjølve husmannstova var fattigvesenet sin eigedom og vart lånt ut til Grovos-Jørn slik at han kunne sette ho opp på Åkre. Stova vart plassert så langt nede i fjøra at springfloda fylte kjellaren. Ved folketeljinga i 1875 var plassen registrert med ei kyr og to sauer. Det var ikkje eigen fjøs på plassen, og dyra fekk derfor plass i kjellaren på stova. Det låg inga jord til plassen, men Grovos-Jørn fekk høve til å slå på stader ute gjennom fjorden som ingen andre såg seg syn med å slå. Jørgen rådde i 1875 også over eit naust. Grunnlaget for levebrødet til familien var nok i stor grad dagarbeid og fiske, både heimefiske og vinterfiske. Ekteparet hadde i 1875 seks born, og dei måtte få noko hjelp av fattigvesenet. Ved folketeljinga i 1900 budde ekteparet framleis på plassen i Grovosen, saman med ei av døtrene og ungen hennar. Dei andre barna hadde flytta ut av heimen. I folketeljinga av 1910 er Pernille registrert hos dottera Johanne, som var gift med læraren Jon Slettedal i Hjørundfjorden. Verken dottera Marta eller barnebarnet Petra som budde her i 1900, er registrert på Åkre i 1910-teljinga. Plassen har derfor truleg vorte forlaten kort tid etter at Grovos-Jørgen døydde i 1908.
Kartutsnitt
kartutsnitt
Lag ny PDF Skriv ut
Brukerinfo
Forfatter: Harald Krøvel
Publisert: 23.02.2013
Opprettet: 23.02.2013
Spesifikasjon
Gardsnavn Åkre GNR 134
Bruksnavn BNR 26
Kulturminnetype Usynleg kulturminne Datering ca. 1870 -
KulturminneID 15200122 Synleg i terreng Ikkje synleg
Opphaveleg funksjon
Bustad, busetjing
Noverande funksjon
Ikkje i bruk
Tillating av eigar
Eigars tillating til registrering er ikkje innhenta


Andre registreringer / dokumentasjon / kjelder
Einar Saure: Upublisert notat om kulturminne på Bjørke og i Sjåstaddalen.
Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka, band IV. Gard og ætt, s. 41.

Dateringskjelder
Einar Saure (munnleg kjelde)

Planstatus
Ikkje oppgjeve
Kommentarar
Kommenter artikkelen her
Kommentar
Namn
Epost
Vis namn
Publiser kommentaren
Kommentarar